🍷🎶MUSIC & WINE🎶🍷, 10. mai kl. 19:30

Fredag 10. mai då det er langhelg for mange, har me gleda av å ynskje velkomen til ein musikalsk vinkveld heilt utanom det vanlege!

Musikar og sommelier, Knut Bjørnar Asphol, kombinerar musikk og vin for å gje gjestane ei heilt unik oppleving🍷🎶😍

På denne vinsmakinga får du lukte, smake og drikke god vin medan du høyrer gode historiar med vinfakta, ispedd stemningsfull og levande musikk. Knut Bjørnar kombinerar to av sine lidenskapar gjennom å vere både gitarist og vinkjennar. Han har spelt for mange artistar i inn- og utland og har produsert over 500 utgjevingar. Han har vunne Spellemannpris, og utgjeve 8 eigne album. I tillegg er han sommelier og vinjournalist i Romerikes Blad.
Frå aromaen i glaset blir publikum med på historia og vinen si reise. Til slutt kan vinen nytast til ein italiensk arie eller ei fransk vise. Denne kvelden har Knut Bjørnar med seg ei sangstemme av dei sjeldne, Tomine Mikkeline Eide. Ho ga ut sitt første klassiske album som 12-åring på Universal, har hausta gnistrande kritikkar for sine Grieg-tolkningar, turnert dei store scenane i England, og nyleg kome med albumet “Joni” som er ein hyllest til Joni Mitchell.

Etter showet ventar ein freistande buffet som bugnar av blant anna smakfulle ostar, kjeks, nysteikt brød og spekemat.

Båtskyss byrjar å gå kl. 19:00 fra Bakkasund.
Music & Wine startar kl. 19:30
Aldersgrense: 20 år
OBS!: Begrenset antall  billetter

Ta med deg klubben, kollegaer eller vennen og nyyyyt ein fredagskveld på Olaskjeret🤍

kr 1.250,00

På lager