Tobias Sten – 1.august 20.00

Me er heldige og har fått sjølvaste Tobias Sten til Olaskjeret!!!🤩

På under eitt år har Tobias Sten etablert seg som ein av Noregs mest spennande nyestemmer innan countrymusikk. 21-åringen frå Stord har pusta countrymusikk sidan han var liten og starta sitt eige countryband allereie som 12-åring. Med låtar som «Heim te ståvo», «Tjue år», «Eli» og «Hvem kan seile foruten vind» med Lille Caesar har han sunget seg rett inn i hjarta til det norske folk. I mai kom det sjølv-titulerte debutalbumet ut, med personlege tekstar om følelsane ein ung mann bærer på, formidla med sylskarp penn og ein tryggleik som gjer han både jordbunden og genuin. Albumet har fått ein kruttsterk mottaking av publikum, og Tobias Sten har blitt ein av landets aller mest lyttede artistar.

Viktig informasjon:

– Alle deltakarar vil få utdelt eit eige armbånd ved inngangen for å kontrollere alder.

– Mindreårige (2008/2009) anbefalast å kome med ein vaksen.

– Medbrakt drikke er ikkje tillatt. Deltakarar med eigen drikke vil bli bedre om å forlate holmen.

– Båtskyss frå Bakkasund startar kl. 18.00.

– Det vil bli matservering frå 18.00 – 19.30. Menyen er ikkje fastsett.

– Aldersgrense: Eldre enn 18 år for alkoholservering.

Me har eit avgrensa antal billettar, så ver tidleg ute! Det er første mann til mølla-prinsippet, så sikre deg billettar no, og bli med på ein kveld med fantastisk musikk!🤩

Me gler oss til å sjå deg der!🫶

kr 750,00

Tomt på lager