
Salmer på pøbb, 13. juni
Med Lewi Bergrud, Thor-Erik Fjellvang, band og gjestar!
Salmer på Pøbb har tatt landet med storm og kjem til Olaskjeret, fredag 13.juni! Bli med på ein kveld fylt med allsong og god stemning!🎶🎸🤩
Kva er Salmer på Pøbb?
Det er meir enn berre ein konsert – det er ein fest for alle generasjonar! Her møtast folk med ulik musikksmak i ein uformell atmosfære, der kjent og kjært blandar seg med meir ukjente perler. Hos oss er alle hjarteleg velkomne!🤎
Praktisk informasjon:
Båtskyss frå Bakkasund frå kl 18:00.
Matservering fram til 19.30. Menyen er ikkje sett enno, men vi lovar noko godt!
Konserten startar ca kl 19.30
Konserten er open for alle over 18 år.
Ta med deg ein ven og bli med på ein kveld du seint vil gløyme. Vi håpar å sjå deg der!🤩
Sagt om Salmer på Pøbb det siste året:
“Salmer på Pøbb har treft ein nerve i det norske musikklandskapet (…) berre smil og glede å sjå blant publikum!”
– NRK
“Her får salmesangens språklige klangbotn slå frå seg med sin voldsomme kraft (…) Det er ufatteleg god stemning. Intimt, nedskalert og veldig lavterskel!”
– Vårt Land
“For ein stakket kveld blei salmene endevendt, rista på og sendt ut i nye lydbilder over eit stappfullt kulturhus … Salmerepertoaret er kjent og kjært når «Salmer på Pøbb» spelar. Men tolkningane har du aldri høyrt før.”
– Sarpsborg Arbeiderblad
kr 495,00
På lager