JULESHOW MED ØYVIND RAFTO – Årets julebord på Olaskjeret! 🤩✨ I år tek me julebordsfeiringa på Olaskjeret til eit heilt nytt nivå!🤩

 

Me har gleda av å invitere dykk til ein uforgløymeleg førjulskveld på holmen. Her står alt klart i full juleskrud, ikledd funklande julelys og ei heimekoseleg stemning🌲✨🤎

I vår nye storstove, Nothengjo, ser me fram til å samle dykk til julebordshow. Enten du vil feire med vennegjengen, familien, gode kollegaer eller ta med kjæraste, lovar me ei heilskapleg oppleving laga for å skape gode minner😍 Kva ventar dykk?😃

Når de kjem fram til Olaskjeret, ynskjer me dykk velkomne med varm gløgg og stemningsfull julemusikk. I Nothengjo er stearinlysa tende, og luktar som minnar om jul håpar me får fram godkjensla🤎

Når de har funne dykk til rette ved borda, får de servert ein shot med krema fiskesuppe som ein ekstra god start på kvelden. Gled deg til ein rikhaldig middagsbuffet fylt med lokale smakar på sitt beste. Nyt svineribbe og pinnekjøtt frå Fana Kjøtt, samt tradisjonsrik lutefisk frå Telavåg Fiskemottak med klassisk tilbehør😍

Dessertbuffeten fornektar seg ikkje, med bestemor Marta Aud sin legendariske karamellpudding, heimelaga julekjeks og riskrem med vår eigen jordbærsaus🍮🍪🍓

Som konferansier og underhaldar har me sikra oss sjølvaste, ØYVIND RAFTO!🎤 Han er kjent for sin unike energi og evne til å fange publikum, og han vil lose dykk gjennom kvelden med glimt i auget og treffsikker humor🤩

Når middagen og showet er over, skrur me opp tempoet. Vår eigen DJ sørgjer for at dansefoten får køyrd seg utover natta!💃🕺🎶

Prisen for denne komplette julebordpakka er 2,060,- + billettavgift per gjest. Dette inkluderar ein juleinspirert holme, pådekking, personell, show, underhaldning, middag, dessert, velkomstgløgg og båtskyss t/r fra Bakkasund til Olaskjeret✨

-Skyss går mellom kl. 18.00 og 18.30.
-Siste båtretur frå Olaskjeret kl 00.30.
-Det finst ulike måtar å komme seg til Austevoll på, der skyssbåt eller ferge er gode alternativ🛥️

Billettsalet er no offisielt i gang, og plassane blir fort fylte opp. Samle gjengen og bestill i tide! Håpar veldig å sjå deg🥰 Billettar kan kjøpast på heimesida vår eller hos Easyticket.no